Fristen for å minoritetsaksjonærane gjekk eigentleg ut 7. august, men er no blitt forlenga, ifølgje ei melding frå konsernet.

Ny frist for å godta tilbodet er sett til 24. august, men det blir likevel opna for at det kan setjast ny fristdato seinare.

Vard sin italienske storeigar, Fincantieri, har i lengre tid hatt som mål å ta Vard-konsernet av børs og gjere selskapet til eit heileigd dotterselskap. Dei ønskjer å sikre seg over 90 prosent av selskapet og har gitt minoritetseigarane tilbod om 0,25 singaporedollar per aksje.

Fincantieri-eigarane sette først 14. mai som frist for å godta tilbodet.