Banksjefen for bedriftsmarknaden på Sunnmøre, Jan Rune Hurlen stadfestar at det trass oljeprisvekst har vore eit tøft halvår for offshorenæringa.

– Første runde med restrukturering i reiarlaga er gjennomført. Vi tar høgde for ei runde to, seier han.

– For mange båtar

Hurlen peiker på at det er vanskeleg for reiarlaga å oppnå gode nok prisar.

– Det er rett og slett for mange båtar i marknaden. Slik det ligg an no er innteninga for dårleg til at dei kan pusta letta ut.

Går godt for banken

Sparebank 1 SMN la fram andre kvartalsmelding 8. august. Der konkluderer banken med at det går godt for eigen del. Resultatet var over 1,2 milliardar kronar for første halvår av 2018–433 millionar betre enn i det første halvåret av 2017. Ifølge beretninga frå styret, skuldast dei pene tala auka driftsinntekter, betre avkastning på finansielle eigedelar og reduserte tap på utlån.