Avisa Fjordingen skriv at politiet sin operasjonssentral i Bergen ikkje varsla det lokale politiet i Stryn om bussulukka måndag morgon. Nattbussen var på veg frå Oslo til Ulsteinvik då ulukka hende.

– Vi konstaterer at operasjonssentralen vurderte det slik at politipatrulje ikkje skulle kallast ut, seier politibetjent Kurt Hammerø til Sunnmørsposten, utan at han vil meine noko om saka.

Forsvarer avgjerda

Hammerø stadfestar at politiet lokalt blei kjend med ulukka då dei kom på jobb, gjennom media og det dei såg på politiet sin eigen logg. Då drog dei til ulukkesstaden.

Sunnmørsposten har stilt Vest politidistrikt spørsmål om kvifor det lokale politiet ikkje blei varsla og om ein meiner dette var ei rett vurdering.

Morten Ørn, leiar for fellesoperative tenester i Vest politidistrikt, er ikkje villig til å ta kritikk i saka.

Han meiner operasjonssentralen handla korrekt, ut frå meldinga dei fekk inn.

Innringar varsla om at det ikkje var personskade og at alt var under kontroll. Hendinga blei loggført og gjort tilgjengeleg for lokalt politi.

– Den vurderinga som blei gjort denne morgonen, var fornuftig i eit kost-nytte perspektiv, eit perspektiv som ligg til grunn for alle våre prioriteringar. Då bruker politiet fellesskapet sine pengar på den mest fornuftige måten, uttaler Ørn i det skriftlege svaret Sunnmørsposten har fått tilsendt.

Ikkje dimensjonert

Og han held fram:

– Det er ikkje vanleg å sende politipatruljar til denne type hendingar i Vest politidistrikt. Politiet er ikkje dimensjonert for å handtere alt, seier Ørn og viser til at ein følgjer nasjonale retningslinjer for korleis oppdrag skal prioriterast.

Han trekkjer likevel fram at det er mogleg å konstruere årsaker til at politiet burde vore på staden, som til dømes å finne ut om førar var påverka.

– Dei tilsette på operasjonssentralen tenker alltid framover om korleis redusere truslar og risiko. I ein hektisk operasjonssentral er evna til å vere nøktern i vurderingane heilt sentralt, uttaler Ørn.

Ukjend årsak

Ifølgje Fjordingen gjekk ekspressbussen utfor asfaltkanten på riksveg 15 cirka 45 meter før ein stikkveg. Bussen trefte skråninga på denne vegen med stor kraft og gjorde deretter eit hopp over vegen.

Etter å ha hoppa over stikkvegen og landa på jordet nedanfor, heldt bussen fram om lag 85 meter før han stoppa.

Døra på bussen vart slått av i samanstøyten med stikkvegen.

Politiet i Stryn etterforskar ulukka, men har enno ikkje svar på kva som er årsak til utforkøyringa.

– Vi etterforskar framleis. Føraren er avhøyrd. Det er også nokre vitne som var passasjerar, seier politibetjent Kurt Hammerø til Sunnmørsposten.

– Kva har føraren forklart?

– Det ønskjer eg ikkje å uttale meg om no, seier Hammerø og legg til at bussjåføren rutinemessig er avhøyrd som vitne i saka.

Førarkortet hans er ikkje beslaglagt.

Opplevde dramatikk

Tove Stavem Reite frå Volda var ein av dei 55 passasjerane som var med nattbussen då ulukka hende. Ho opplevde utforkøyringa som svært dramatisk:

– Dette var ei forferdeleg oppleving, seier Reite til Fjordingen.

Det buldra og rista i bussen, før det slo hardt i bakken. Reite fortel at det var hyling og totalt kaos i bussen, og ho meiner det lett kunne gått alvorleg gale. Sjølv var ho til legesjekk for nakkesleng etter hendinga.

Ho er kritisk til at verken politi eller ambulanse kom til staden, der passasjerane blei ståande nesten ein time utanfor bussen.

Marknadssjef Svein-Arne Vik i Nettbuss Travel seier til Fjordingen at Nettbuss kontakta politiet sin operasjonssentral like etter utforkøyringa.

Vik prisar seg lukkeleg over at det ikkje gjekk verre enn det gjorde.

Selskapet har ifølgje Fjordingen sendt SMS til alle passasjerane dei veit var om bord i bussen og spurt om nokon har fått er skade. Dei har også gitt tilbod om hjelp, om noko skulle trenge det.