Tilbydarane har no ti dagar klagefrist på Statens vegvesen si avgjerd.

I brevet skriv prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen at det er ein føresetnad at prosjektet blir finansiert før det er aktuelt å skrive kontrakt.

Brevet er sendt i samråd med Møre og Romsdal fylkeskommune, og gjer at anskaffingsprosessen kan fullførast fram til eventuell signering av kontrakt. Det vil først kunne skje om fylkestinget vedtek finansiering av prosjektet.

Det vidare arbeidet i anskaffingsprosessen skal sikre fylkestinget eit rett grunnlag når dei skal behandle finansieringa av Nordøyvegen i oktober.