Statens vegvesen: – Skanska Norge har levert det beste tilbodet på bygginga av Nordøyvegen

Statens vegvesen har sendt brev til tilbydarane med melding om at Skanska Norge AS har levert det beste tilbodet . Det kjem fram i ei pressemelding frå Statens vegvesen.
Nyheter

Tilbydarane har no ti dagar klagefrist på Statens vegvesen si avgjerd.

I brevet skriv prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen at det er ein føresetnad at prosjektet blir finansiert før det er aktuelt å skrive kontrakt.

Brevet er sendt i samråd med Møre og Romsdal fylkeskommune, og gjer at anskaffingsprosessen kan fullførast fram til eventuell signering av kontrakt. Det vil først kunne skje om fylkestinget vedtek finansiering av prosjektet.

Det vidare arbeidet i anskaffingsprosessen skal sikre fylkestinget eit rett grunnlag når dei skal behandle finansieringa av Nordøyvegen i oktober.


Ekspert om 40 år med bompenger

– Fylket kan gå på en stjernesmell

– Ved å finansiere Nordøyvegen over 40 år kan fylket gå på en stjernesmell. Det sier assisterende direktør ved Transportøkonomisk institutt, Kjell Werner Johansen.