For fire år sidan flytta Mathilde Knutsen Uri og Ole Henrik Uri tilbake til Valldal etter militærtjeneste og studier for å drive Valldal Camping, som foreldra til Ole Henrik har drive i mange år.

– Vi såg at drifta på campingen ikkje var nok til at vi kunne gjere berre det. Vi hadde antennene ute, og greip moglegheitene som dukka opp, seier Ole Henrik.

Og dei dukka opp. I 2015 kjøpte dei Sjøholt Camping, og i 2016 kjøpte dei Volsdalen Camping. Dei driv også Valldal Gjestgiveri for eit firma i Ålesund som dei sjølve eig.

Nettavisa Nett.no har tidlegare omtalt saka.

Sylte Hotell

No har dei også kjøpt bygget som var gamle Sylte Hotell, som blei etablert i 1870. I mange år har bygget stått ubrukt. No skal dei pusse det opp, men nøyaktig kva for type overnatting dei skal tilby her, vil dei ikkje røpe for mykje om.

– Vi held korta tett til brystet når det kjem til hotellet. Det blir ein type gjestgiveri, men vi skal skille det frå konseptet med Valldal Gjestgiveri. Det er trist at det har stått til nedfall dei siste åra når det har ein slik stor historisk verdi for bygda. Dette var eit av dei finaste hotella ein kunne bo på rundt skiftet mellom 1800 og 1900-talet. Så det skal vere flott å bu der, seier Mathilde.

– Hovudmålet vårt er å ta vare på den historia som bygget huser, seier dei.

Mellom

Paret har auka både trafikken og omsetningen på campingstadane dei har investert i dei siste åra.

– Vi har gjort enkle grep som å gjere oss meir synlege på ulike bookingkanalar. Det har utan tvil hjelpt.

I reiselivsnæringa er det camping som har den frodigste veksten.

– År etter år har det vore ein betydeleg vekst i campingbransjen, og det har sjølvsagt fungert til vår fordel, seier Ole Henrik.

Mykje av inspirasjonen til paret kjem når dei er ute på reise. Det var på ein tur til Island at idéen om gjestgiveri dukka opp.

– På Island er det gjestgiveri overalt, og å ha felles kjøkken og bad var midt i blinken for oss. Det er atskillig enklare å bu på eit gjestgiveri enn å bu på eit standard hotellrom. Det kan vere både ønskeleg og ein kjempebesparing økonomisk for gjestane blant anna med tanke på at ein får lage eigen mat, seier Ole Henrik.

Valldal Gjestgiveri har berre halde åpent i rundt tre månadar. Paret melder om svært godt belegg i juli

– I fellesferien der det er smekkfullt i Valldal, er det fulle hotell og campingplassar. Så vi veit at det trengs overnatting, påpeikar Mathilde.

Stor pågang med teltturistar

I år har det vore dobbelt så mange som kjem innom campingplassane med bil og telt enn i fjor.

– Det har vore ein heilt sinnsjuk pågang. Folk er meir på vegane, og er meir oppteken av uteopplevingar enn tidlegare. Det er trenden vi ser, fortel paret.

– Eg trur folk generelt er ute etter alternative overnattingstilbod, seier Ole Henrik.

På fjellsida overfor Valldal Camping har dei også laga til eit uteområde der gruppar kan overnatte i lavvo. I tillegg tilbyr dei teltovernatting rett nedanfor, hengane i trea i naturen.

– Vi ønsker å vere ein god vert for folk som kjem hit. Det er den røde tråden som gjer at vi fortsetter i turistnæringa. Vi har vore på riktig stad når moglegheitene har bydd seg.

Historisk bilde av Sylte Hotell. Det har ikkje vore drive som hotell sidan 1870, men no skal paret gjere det om til eit gjestgiveri. Fotoet er frå Astor Furseths fotoarkiv. Foto: Astor Furseths fotoarkiv