Torsdag 28. juni presenterte Knut Flakk og Snøhetta prosjekt Basecamp hotel Hellesylt, til ståande applaus frå eit fullsett samfunnshus.

Folkevalde og næringslivsleiarar, var og til stades. Alle er udelt positive til prosjektet i media, nærast godkjenner det før byggjesak er fremma. Debatten om bevaring må avsluttast, dei vil ha utvikling. Pressa refererer ukritisk frå planane, ingen stiller spørsmål.

Vi vil alle ha utvikling på Hellesylt, men so langt manglar ein heilskapleg plan for Hellesylt 2.0. Utpå hausten skal det fremjast byggjesak for eit prosjekt med ein kostnad på 100 millionar kroner og nye arbeidsplassar. Ei stor sak for ei fråflyttingstruga bygd i ei Robek-kommune.

Det er forståeleg at dei folkevalde er oppglødde og lokalsamfunnet gler seg. Eg vil vise til Hans Mjelva sin kronikk om utkant-Noreg i Bergens Tidende 11.07 (+),

Sitat: «kampen for bygdene krev så mykje energi, at den ikkje maktar særleg motstand. Utviklinga er meir enn nok motstand i seg sjølv. Difor er det eit krav om å vere positiv, eller halde kjeft.»

Det er nett det som skjer på Hellesylt no. Prosjektet er så viktig at ingen stiller spørsmål ved det. Eg har diskutert med fleire som er skeptiske, dei torer ikkje seie noko, vil ikkje vere negative.

Det kviler eit stort ansvar på dei folkevalde. Dei skal vurdere og prioritere, og ta store avgjerder på vegner av lokalsamfunnet. Reiselivet er spådd å bli den nye olja, og NHO Reiseliv oppmodar dei folkevalde om å leggje til rette for reiselivet. Formell og uformell lobbyverksemd florerer. Då er det viktig at debatten ikkje vert lagt død. Det er vårt ansvar å spele dei folkevalde gode.

Alle innspel og motsegner må kome fram. Lokaldemokratiet er ikkje tent med manglande debatt, ikkje Flakk heller.

Som utbyggjar har Flakk teke på seg eit samfunnsansvar for Hellesylt. Prosjektet vil setje eit kraftig fotavtrykk i bygda. Då må dei tole debatten.

Debatt om vern av kulturminne vs. arkitektur, i det europeiske kulturarvåret 2018. Grand Hotell er oppført i «Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi» hjå Møre og Romsdal fylkeskommune, og verna i gjeldande reguleringsplan.

Riving er ein nasjonal kulturhistorisk katastrofe. Så er det grunn til debatt om mønehøgde og fjordutsikt frå sentrum, om utsikt og påverknad for aldersheim og skule, om trafikktryggleik, offentleg veg og tilkomst til ferjekai, båthamn og badestrand.

Det er god grunn til å stille spørsmål ved jobben Snøhetta har gjort. Ikkje om det estetiske, det vil alltid vere subjektivt om eit bygg er spektakulært. Arkitektur, den kan diskuterast på same måte som kunst. Her har Snøhetta likevel skuffa. Det kan ikkje vere mange timar arkitekten har opphalde seg på Grandneset.

I presentasjonen heitte det at dei har teke utgangspunkt i tomta før der kom hus, og at dei er inspirert av den klassiske gammeforma. Var det kanskje Røst LY som inspirerte arkitekten mest? Det er tiltenkt at gjestene skal kunne overnatte på verandaen, eller på anna vis ute.

Realiteten er at midt i frukostutsikta ligg kaia, med tilhøyrande cruisetrafikk, og tvers gjennom bygget vil 150.000+ reisande til og frå ferja passere. Er Snøhetta og Flakk kjende med trafikkstatistikken for Grandneset? Nokre gonger ligg cruiseskipa gjennom natta, som ein lysande vegg.

Skulle ferjekaia bli flytta slik det er vedteke i ny reguleringsplan, vil den bli i umiddelbar nærleik til hotellet.

Der er også skulen, slakteriet og bensinstasjonen med lysande reklameskilt. Grandneset er ikkje ei naturtomt, det er ein trafikkterminal. Jamt over er det 5–6 bussar pr. avgang, ein multikulturell folkefest med sin eigen myldrande oppkava sjarm. Her ser ein altså føre seg eit reiselivsprodukt tufta på naturopplevingar.

Det er god grunn til å stille spørsmål ved planen.

I riksmedia, og i utlandet, går debatten om overturisme. Flakk vil ikkje vere ein del av den. Men prosjektet ligg midt i smørauget for denne trafikken. Dei folkevalde har vedteke kaia, og det er ingen grunn til å tru at trafikken der vil minke – det har ikkje Robek-kommunen råd til.

Dei folkevalde må tenkje heilskapleg, med omsyn til infrastruktur for parkering, søppel og toalett i Hellesylt sentrum. Den debatten kan vi ikkje leggje lokk på, sjå til Olden og Geiranger.

Flakk seier at dei skal byggje eit miljøprosjekt, og nytte seg av restvarme frå eit hydrogenanlegg. Eit anlegg som ikkje er finansiert, risikovurdert eller regulert.

Den største cruiseaktøren; Carnival cruises, som eig Costa, Cunard, Princess, Aida og Holland America Line, har valt LNG (fossil gass, red. anm.) som sin miljøstrategi, og testa dette frå lekter i Hamburg sidan 2015. TUI sine nybygg er bestilt med LNG.

MRF og the Fjords, som i dag opererer ferjene på fjorden har truleg valt el-framdrift. Ferjekaia på Hellesylt er nyoppussa for millionar.

Kva infrastruktur planlegg Stranda og Fylket for Hellesylt? korleis har Snøhetta/Flakk tenkt kring dette?

Stranda Kommune har starta Strategisk næringsplan med godkjenning februar/mars 2019, like eins Energi- og klimaplan som skal vere godkjent 3–4 kvartal 2019.

Cruise har vi hatt i fjordane våre sidan 1880-talet, og dei som leverer direkte til forbrukar, er avhengig av forbrukaren sine val. Difor gjer næringa no store tilpassingar, både når det gjeld utslepp til vatn og til luft.

Cruise har i den siste tid fått mykje kritikk i riksmedia. Mykje av det tufta på rein synsing. Cruiseskip er òg stor ingeniørkunst, og cruise er ei ferieform nordmenn sjølve gjerne nyttar seg av, i tillegg til Apollo/Ving/TUI der vi legg ferien til andre overbelasta destinasjonar i sydlege strok.

Løysinga er å finne rett balanse og få på plass rett infrastruktur.

Kanskje må fjordkommunane i heile Noreg og feie for eiga dør? Kva med all kloakken som renn ureinsa ut i fjorden frå bygd og by? Ureining frå oppdrettsanlegg og industri? Kva plan har Flakk for å reinse kloakken frå sitt prosjekt rett ved Noregs finaste badeplass?

Eg vonar på ein sakleg debatt og ein heilskapleg både miljømessig, kulturhistorisk og økonomisk berekraftig plan. Det har vi ikkje sett så langt.

Iris Fivelstad, hotelleigar Villa Norangdal Bilde henta frå facebook, etter avtale for bruk som vignettbilde til kronikk. Foto: privat