Det er muleg at Per Sandberg har skada rikets sikkerheit, men det har eg eigentleg ingen oppfatning om. Der er elles nok av andre som meiner ting om det.

Men eg har meir sans for vinklinga til leiarskribenten i DAG OG TID, som kallar Iran-turen til Sandberg for ei danningsreise. Og ting kan tyde på at han har hatt ei lang reise, både bokstavleg og biletleg.

Per Sandberg uttalte m.a. til TV2 i 2003: « … jeg hevder at forskjellige raser, religioner og kulturer ikke må blandes hvis vi skal ha et harmonisk samfunn i Norge».

Nå har Sandberg altså fått nærkontakt med ein muslim i Norge, og synest å ha oppdaga at det kan ha mange positive sider. Og turen til Iran var også vellukka; han hadde mykje godt å sei om folket der. Sikkert vel fortent.

Per Sandberg har på eit vis gått frå avvisning til dialog. Mange vil nok vere einige i at det er ei svært positiv utvikling. Han har undervegs på si «reise» funne ut at også muslimar stort sett er ålreite folk. Men eg forstår godt at enkelte i Frp nettopp av den grunn er kritiske til det han har gjort. Skulle ei slik utvikling spreie seg blant «folk flest», kunne det rett og slett gå utover oppslutninga til partiet.