Morten Ørn, leiar for fellesoperative tenester i Vest politidistrikt uttalte til Fjordingen fredag at «det ikkje er vanleg å sende politipatruljer til denne type hendingar i Vest politidistrikt og at politiet ikkje er dimensjonert for å handtere alt». Til Sunnmørsposten seier Ørn at ein følgjer nasjonale retningslinjer for korleis oppdrag skal prioriterast.

Politioverbetjent Lasse Trosdahl er på ferie, men har følgt med på saka og debatten. På spørsmål frå Fjordingen om han er samd med Morten Ørn sine vurderingar, er svaret nei.

– Men Ørn viser til at det var meldt at ulukka var udramatisk og ingen skadde. Er ikkje det godt nok argument til ikkje å sende ut lokalt politi?

– Det kan ikkje vere innringar eller busselskapet som tek ansvar for at samtlege 55 er uskadde. Det er sjølvsagt at politiet skulle vore på staden. Argumentet om kost-nytte og at politiet ikkje er dimensjonert for å handtere alt, slår heilt feil i denne saka. For det første hadde vi politpatrulje i Stryn med to mann i reserveteneste. Å sende dei ut to timar før ordinær kontortid hadde ikkje betydd noko for anna beredskap. Dernest; Konsekvensen av at vi ikkje kom oss til ulukkesstaden i tide, er at vi brukar mange fleire timar på etterforskinga. Og vi får heilt sikkert eit dårlegare resultat fordi vi ikkje fekk snakka direkte med passasjerar, avhøyre sjåføren på staden og sikre bussen med tanke på etterforskinga. Vi ville og bedt om bistand frå Statens vegvesen i denne saka.

– Morten Ørn seier at vilkåret for å varsle politiet i denne saka ikkje var til stades. Kva er din kommentar til det?

– Publikum som er involvert i eller kjem over ei trafikkulukke, skal aldri lure på om dei skal ringe politiet. Er du i tvil, skal du ringe. Politiet er der for publikum. Det må det aldri vere tvil om.

Denna saka sto først på trykk hos Fjordingen.