Møre og Romsdal politidistrikt melde om ulukka klokka 11.42 måndag føremiddag.

Ein bobil og ein minibuss er involvert, ifølgje ei twittermelding frå politiet.

Ulukka skjedde på E39. Operasjonsleiar Jan Helge Kjøl ved Møre og Romsdal politidistrikt seier til Sunnmørsposten klokka 12 at eit felt er stengd og trafikken blir dirigert forbi.

Oppdatert klokka 13: Totalt var fem bilar involvert i ulukka, det skal ikkje ha vore personskade. Ei kvinne i 90-åra blei køyrd til legevakta for sjekk grunna høg alder.

Ifølgje ei twittermelding frå politiet så var det ein bil som forsøkte å unngå å køyre inn i ein annan bil bakfrå. Bilen svingte ut i motgåande felt og skada sida på fire møtande bilar.