Les tilsvaret frå fastlegane lenger nede i saka.

– Kommunen er ansvarleg for innbyggarane sitt tilbod om fastlegeteneste og at denne vert ytt i høve omsorg, empati og at det er fagleg forsvarleg. Som pasient må ein kunne føle tillit og oppleve tryggleik i møte med alt helsepersonell i kommunen. Brevet de sende støttar ikkje opp under dette, og er svært uheldig i høve omdøme generelt og pasienten spesielt, skriv Eli Otterlei, kommunalsjef i Sykkylven kommune i eit brev til Sykkylven legesenter.

Bakgrunnen for saka er at Therese Utgård, lokalpolitikar i Sykkylven og lege av bakgrunn, i juni klaga Sykkylven legesenter inn for kommunen, då ho meinte at legane urettmessig tok betalt for ein konsultasjon for dottera hennar. Etter det fekk Utgård eit brev frå Sykkylven legesenter, der det kom fram at dei ikkje ønskjer å ha ho som pasient meir. Dei oppmoda ho til å søkje fastlege ved eit anna legesenter, som ville bety at ho måtte finne eit legekontor i ein annan kommune.

– Eg blei sjokkert og oppgitt over brevet. Det blir eit praktisk problem for meg som pasient å reise til Ålesund eller Stranda for å gå til lege, sa Utgård då.

Etter at Utgård tok imot brevet, sende fylkeslege Karin Müller Mikaelsen eit brev til Sykkylven legesenter der legesenteret vart refsa for at dei bad ein pasient om å bytte fastlege. Kommunen stilte seg bak kritikken frå fylkeslegen mot fastlegane.

Kritikk

I eit brevet som kommunalsjef Eli Otterlei sende til fastlegane ved Sykkylven legesenter i slutten av juli, som kommunen ønskte å halde hemmeleg, får legane krass kritikk for brevet dei sende til Utgård der dei oppmoda ho om å bytte legesenter.

– Eg hadde ikkje venta at de som den profesjonelle part ville velje å gå ut mot pasienten på denne måten. Som Fylkesmannen skriv, kan det ikkje vere grunnlag for ei slik tilråding i saka, skriv kommunalsjefen om brevet.

Ifølgje kommunalsjefen er brevet legane sende svært uheldig. Otterlei skriv at ho håpar brevet frå fastlegane var forhasta, og fastlegane blir kalla inn til eit møte med kommunalsjefen og fungerande kommuneoverlege i slutten av august.

– Eg finn det overraskande at våre fastlegar har problem med objektiviteten og yte legetenester til ein pasient de ikkje kjenner eller som har vore hos dykk. Vedkomande pasient har ikkje vore til eigen legetime på over eit år, og då til lege som har slutta, skriv Otterlei.

På alvor

Utgård seier at brevet viser at kommunen tar saka på alvor.

– Det er bra. Det er av interesse for andre innbyggarar òg å vite korleis legane og kommunen handsamar klagar. Men eg stiller meg undrande til at dette brevet skulle vore «forhasta» ifrå legane si side. Eg har fått vite at legane bad kommunen om arrangere eit møte med meg fordi eg hadde klaga så mykje. Dei skulle då ha uttalt at det var viktig for meg å skjønne alvoret, elles kunne det gå ut over min legehjelp, seier Utgård.

Ho meiner at legane valte å skrive brevet etter at kommunen ikkje ville arrangere eit slikt møte.

– Dette gjorde dei nokre dagar etter og då hadde dei fått tid til å tenke seg om. Eg meiner ein slik trussel, både mot meg og dermed òg mot andre som klagar, er heilt uakseptabel, og eigentleg burde det reagerast sterkare imot det, seier Utgård.

Tilsvar frå legane: Vil ikkje nekte å hjelpe

Fastlegane i Sykkylven skriv i eit tilsvar at dei vil ikkje nekte Utgård legehjelp.

– Fastlegeforskrifta seier klart at pasienten har rett til å velje den fastlegen ho vil og vi held oss som fastlegar sjølvsagt til dette. Dersom legen av ulike årsaker ser at eit lege/pasientforhold kan vere så utfordrande at det kan vere risiko for at dette kan påverke kvaliteten på behandlinga, er det legitimt å gjere vedkomande merksam på dette. Alle legane er affiserte av dette.

I brevet til Therese Utgård har vi difor oppmoda henne til å nytte eit anna legekontor som fungerer betre for henne. Dersom ein pasient likevel ynskjer å stå på fastlegelista, er det vedkomande sin fulle rett. Vi vil alltid prøve å gi god og lik behandling til alle. Vi har aldri, og kjem naturlegvis heller aldri til å nekte Utgård den helsehjelpa ho har rett på, skriv Sykkylven legesenter.

Hemmleghald

Brevet frå kommunalsjef Eli Otterlei blei send til Sykkylven legesenter 26. juli. Kommunen har ønskte å ta unna brevet midlertidig frå offentlegheita. Sunnmørsposten søkte om innsyn i brevet, men fekk fleire avslag der det blei brukt fleire forskjellige paragrafar for å hindre innsyn. Innsyn i brevet blei først gitt onsdag sist veke.

– Frå kommunen si side er det ønskeleg å utsette innsynet av omsyn til vidare sakshandsaming, men ein finn likevel ikkje god nok heimel i lovverket til å ta unna brevet frå offentlegheit. Sykkylven kommune vil etterkome klagen, og gir med dette Sunnmørsposten innsyn i dokumentet frå kommunalsjef som er gått til fastlegane som signerte brevet, skriv kommunalsjef Eli Otterlei.

Eli Otterlei. Foto: Sunnmørsposten