I ei twittermelding klokka 12.17 melder politiet om at ein firhjuling har køyrd av vegen på Vigra.

Ulukka skal ha skjedd på fv. 135 Synesvegen. Naudetatane rykker ut, går det fram av ei twittermelding frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Oppdatert kl. 13: Ifølgje politiet er det ein elektrisk rullestol som køyrde av vegen, ikkje ein firhjuling.

Det var ein mann i 70-åra som køyrde ein elektrisk rullestol med overbygg som køyrde av vegen. Liten eller ingen personskade, ifølgje ei twittermelding.