Trådlaust nett med god rekkevidd vil kome i alle fjellhytter som har infrastruktur for fiber; Fagerbotn, Slettdal, Via, Viksvatn og Brusebotn.

Det melder Tafjord Kraft AS i ei pressemelding.

Fagerbotn vart sett i drift i sommar, Slettdalshytten kjem tidleg i haust.

Tafjord skriv at dei er i førarsetet på digitalisering og har den siste tida jobba med prosjektet trådlaust nett for hyttene i fjellet.

– Vi har satsa på dette fordi det vil gje ein betydeleg lettare arbeidskvardag for alle tilsette i selskapet, seier kraftverkssjef Svein Gunnar Remme.

Som ein gest til fjellvandrande folk har Tafjord kraftproduksjon også lagt til eit ope nett som heiter «Tafjord internett til alle». Dette er tilgjengeleg for alle som ferdast i fjellet.