– Søknaden om 4,3 meter fylling kan ikkje godkjennast utan reguleringsendring eller dispensasjon, då ein betydeleg del av fyllinga ligg inne på areal sett av til felles friområde i overordna plan. Det skriv assisterande direktør Janne Woie hos Fylkesmannen.

Ho legg til at vedtaket til Vestnes kommune er difor i strid med plan- og bygningslova, og Fylkesmannen finn å måtte endre kommunen sitt vedtak slik at søknaden om byggjeløyve og vesentleg terrenginngrep vert avslått.

Treng tid

– No treng vi litt tid på oss for å avklare korleis vi skal fortsette behandlinga av denne saka, seier administrasjonssjef Tone Roaldsnes i Vestnes kommune.

– Det er iallfall sikkert at denne saka blir ikkje løyst utan ein god dialog mellom alle partar, legg ho til.

Det var naboar til eit nytt byggefelt ved Kråkvika som via sin advokat Bjørn Kristian Hove sende inn klage til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Naboane har hevda at plasseringa av fleire hus førte til at dei mista kveldssol og utsikt – og at det ikkje var søkt om vesentleg terrenginngrep for spesielt eitt hus.

Og naboane får medhald hos Fylkesmannen, som i sitt vedtak seier at eit vesentleg terrenginngrep på feltet ikkje er lovleg godkjend.

Ikkje ugild

Naboane har også hevda at det var ugildskap i samband med saksbehandlinga i Vestnes kommune.

Men dette avviser Fylkesmannen, så den delen av klagen som er knytt til ugildskap har ikkje ført fram.

– Vi er glade for at Fylkesmannen har klargjort at det ikkje var ugildskap i samband med behandlinga av denne saka, kommenterer Tone Roaldsnes.

Riving ikkje tema

Vestnes kommune og utbyggaren har heile tida meint at stigningsforholda og høgdenivået på tilkomstvegen, legg føringar for kor lågt huset kan ligge.

Men Fylkesmannen skriv at å lage ei fylling åtte meter inne på ei friområde for å planere terrenget på ei bustadtomt er ikkje i tråd med reguleringsføremålet.

Naboane har meint at det aktuelle huset bør rivast. Men dette er ikkje noko tema i avgjerda til Fylkesmannen.