Årsresultatet vart 18,9 millionar kroner i minus, skriv Møre-Nytt.

Ikkje minst tapte selskapet 25 millionar kroner på eit prosjekt på E6 i Trøndelag, noko som pregar 2017-resultatet.

Omsetnaden gjekk i fjor ned frå 512 millionar kroner, til 392 millionar.

– Det kan vi ikkje vere nøgde med. Aurstad er opptatt av å skape gode resultat og har gjort det i ei årrekke. Men marknaden er prega av variasjonar i oppdragsmengda og risiko knytt til gjennomføring av oppdrag, seier administrerande direktør Jo Stian Tverberg til avisa.

I år har bedrifta stor aktivitet og ein betydeleg ordrereserve, både lokalt og regionalt.

Det betyr nok arbeid til 215 tilsette. Og behov for meir folk.