Utbetrar Rotsethorntunnelen

Tidleg i september startar Statens vegvesen med utbetring av Rotsethorntunnelen i Volda.

Blit utbetra: Rotsethorntunnelen går på E39 mellom Volda og Løviknes. Den blei opna i 1999 og utbetra i 2004. Nå skal den bli utbetra.  

Konsekvensar: – Det er dessverre ikkje mogleg å gjennomføre utbetringa utan at det får konsekvensar for trafikantane, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens Vegvesen.  Foto: Knut Opeide/Statens Vegvesen

Nyheter

Det skriv vegvesenet i ei pressemelding.

Arbeidet vil føre til at tunnelen blir stengt mellom kl. 19 og 07 med kolonnekøyring til faste tidspunkt. Dette gjeld alle dagar utanom laurdag da Tunnelen blir open for fri ferdsel.

Fram til starten av desember blir tunnelen heilt stengt på natt mellom kl. 23.00 og 04.30. Da skal entreprenøren gjere tungt anleggsarbeid som sprenging og sprøyting av betong på vegger og tak.

E39 Rotsethorntunnelen blir stengd i fleire timar når bakarane skal heim frå jobb

Bakarar hardt råka av nattestenging

Kvar natt køyrer Vidar Tømmerstøl og Eivind Berge heim frå bakarjobb på Nordfjordeid. Når Rotsethorntunnelen til hausten blir heilt nattestengd, blir dei hardt ramma.


– Det er dessverre ikkje mogleg å gjennomføre utbetringa utan at det får konsekvensar for trafikantane, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Utbetring av Rotsethorntunnelen er berre eit av omlag 50 større og mindre vegprosjekt på Sunnmøre i år. Her får du heile oversikten.

Arrangerer infomøte

Det er sikkerheita i tunnelen som skal betrast og arbeidet skal gå føre seg frå september til juni 2019. Statens vegvesen inviterer til informasjonsmøte om prosjektet måndag 27. august i Hjartåbygda Grendahus.

– Vi vil informere om trafikkavviklinga, arbeidet i tunnelen og rutinar for å sleppe gjennom naudetatar og andre når det står om liv og helse. Det blir også moglegheit til å stille spørsmål og få svar på det man lurer på, seier Stavseng.

Statens vegvesen har ei eiga facebookside for tunnelutbetring i Møre og Romsdal.


Vann jobben med å ruste opp Rotsethorntunnelen

Ørsta-firma med på anbodet som vann kontrakt til nær 89 millionar.

 

50 vegprosjekt på Sunnmøre i 2018

Mange bruer og ferjekaier skal utbedres. Kjør forsiktig, oppfordrer Vegvesenet.