(Fjordingen:) Det var tysdag førre veke at ein mann heimehøyrande i ein omsorgsbustad i Hornindal vart meldt sakna. Lokalbefolkning leita etter mannen medan det vart planlagt ein større leiteaksjon frå både Norske Redningshunder, Røde Kors og andre.

Mannen, som er dement, vart funnen i god behald seinare same kveld.

Venta ein time på svar

I ettertid av hendinga fortel leiar av Hornindal Omsorgssenter at det tok ein time frå dei ringde operasjonssentralen på tlf. 02800 før dei fekk snakke med politiet.

– Dette var ein sakna-situasjon så vi ringde ikkje naudnummeret 112. Vi vart vidarekopla og venta nesten ein time før vi fekk svar. Ein må kunne stole på at ein får raskt tak i politiet når ein har behov for det, fortel leiar ved omsorgssenteret, Ragnhild Aarflot Kalland.

Ho vil nytte høvet til å rose innsatsen som vart lagt ned i leiteaksjonen.

Viser til teknisk feil

– Vi beklagar dette. Vi har fått tilbakemeldingar frå fleire om kø når dei er blitt sett over frå telefonsentralen til operasjonssentralen. Operatørane tek telefonen raskt etter den kjem opp på displayet. Vi har meldt dette inn som teknisk feil til Politiets IKT-tenester, men feilen er ikkje funne, seier einingsleiar i Vest politidistrikt, Morten Ørn.

Han meiner viktige telefonar må rettast til 112.

– Her får 97 prosent av innringarane svar innan 20 sekund, seier han.

Mistolka Urdene for Urene

– Heimesjukepleiaren opplyste at den sakna budde i Urdene. Vår operatør oppfatta dette som Urene og fekk dette opp som første automatiske val i loggføringssystemet. Urene ligg i Nordfjordeid, forklarar Ørn.

Mannskap vart kalla ut på reserveteneste både frå Nordfjordeid og frå Stryn.

– Mannskapet frå Eid oppfatta feilen fort og varsla mannskapet frå Stryn om dette. På dialekt er det ikkje lett å høyre forskjell på Urene og Urdene, men operatørane skal alltid dobbeltsjekke at dei har fått rett adresse. I dette tilfelle var ikkje den sjekken tilstrekkeleg god, seier Ørn.

Han legg til at Operasjonssentralen i Vest politidistrikt behandlar fleire hundre meldingar i døgnet, som regel under stressande forhold.

Denne saka sto først på trykk i Fjordingen.