(RBnett:) Inne i klubblokalet til Tresfjord Røde Kors blir vi møtt av den gode lukta av nysteikte sveler og kaffi. Melinda Furland Kjersem står ved takka og får mange godord for svelene. Dugnadsgjengen har ein liten pause i arbeid med å klargjere alt til Syltematrnan. Praten går lett, stemninga er god.

– Vi starta planlegginga av årets martna rett etter at martnan i fjor var over. No har vi kontroll, alt er klart, seier Melinda Stene Furland, ein av veteranane i Tresfjord Røde Kors.

Ny kiosk og garasje

Ute på plassen står to konteinarar som laget har kjøpt. Den eine blir ombygd til fullt utstyrt kiosk, den andre skal bli garasje for snøskuteren og teknisk utstyr som laget har.

For Tresfjord Røde Kors er aktive året rundt, med Syltemartnan i august og vakthald på påskefjellet som to av dei viktigaste oppgåvene. Nede på hestesenteret er det sluttarbeid med å klargjere den utvida plassen for veteranbilar.

Utvida veteranbilutstilling

For i år er kjem det fleire veteranlastebilar frå Trøndelag i tillegg til personbilane. Dette er samtidig første del av arbeidet med å rydde plass for det nasjonale arrangementet Vognmannen, som er lagt til Tresfjord i 2019. Hit kjem veteranyrkesbilar frå heile landet, det er første gong dette treffet er lagt til Møre og Romsdal.

90 utstillarar

Syltemartnan er møteplass for folk frå nær og fjern. Her kan folk handle bruk og antikk frå rundt 90 utstillarar. Det blir også martna for barna, der dei får sin stand og kan selje leiker og ting dei ikkje har bruk for lenger. Fleire barn har allereie meldt seg på, opplyser Melinda Stene Furland. I tillegg blir det også hoppeslott og utstilling av dyr, alltid like populært for dei yngste.

Trim

For dei spreke startar laurdagen med turmarsj og motbakkeløp mot Sandfjellet, 1470 meter over havet. Samtidig opnar martnan nede i bygda.

Laurdagskvelden kan folk svinge seg i dansen på Ridderkroa. Kvelden før er det quiz på same staden med, leia av Olav Venås.

Søndag blir det underhaldning med song og musikk av lokale krefter. Syltemartnan har gitt opp å leige inn artistar utanfrå. Det toppa seg med countrylegenden Bobby Bare på scena for snart 30 år sidan, då var det stappfullt i Tresfjord. No satsar dei heller på lokale krefter, det gir meir igjen netto. Overskotet går til drift av laget og støtte til tiltak for fellesskapet i bygda.

– Det er veldig triveleg å vere med i Tresfjord Røde Kors. Vi tar gjerne mot fleire, seier Melinda Stene Furland.

Denne saken sto først på trykk hos Romsdals Budstikke.