Joar Ødegård frå Eiksund i Ulstein har sendt oss ein liten video frå noko han fortel skjedde i Sjøgata i Ulsteinvik torsdag føremiddag: Frå bilen sin filma han to Mesta-tilsette i det vi har tillete oss å kalle ein regndans, på graset, like ved eit overgangsfelt.

- Mange bilar passerte og hendinga fekk fleire til å smile. Eit morosamt og friskt pust på ein dag der det kjennest meir som haust enn sommar, kommenterer fotografen.

Og, kan Sunnmørsposten fortelje: Dei to som dansar er Markus Kristiansen og Kristoffer Flø.

- Begge er sommarvikarar hos oss, og dei har mellom anna hatt i oppgåve å luke bed og klippe gras - alt rundt om på ytre søre Sunnmøre, seier prosjektleiar Jan Øystein Holsvik i Mesta.

- To kjekke karar som no har dei siste dagane sine på jobb, før dei skal tilbake på skulen. Dei får det til å sjå ut som om vi har eit godt arbeidsmiljø, og det har vi også, legg han til.