(Møre-Nytt:)– Eg kan ikkje betale for noko eg ikkje har gjort. Det vert for gale, seier Masdal.

Det var natt til søndag 24. juni hendinga fann stad. Masdal fortel at han då var sjåfør for nokre kameratar som hadde vore i Ålesund. På heimvegen køyrde dei innom Sæbø, og så vidare til Rystefeltet for å sleppe av nokre passasjerar. Før dei skulle vidare til Åmdalen, køyrde dei innom Shell for å fylle bensin. Klokka var då mellom 03.30 og 04 om natta.

Der vart dei stoppa av ein politipatrulje som meinte dei hadde køyrt rundt og bråka så mykje at det måtte føre til reaksjon i form av førelegg.

I grunnlaget for førelegget, heiter det:

«Natt til søndag 24. juni 2018 i Ørsta sentrum køyrde han rundt med svært høg musikk i bilen slik at han forstyrra den alminnelege fred og orden og omgjevnadene si nattero.»

Masdal sjølv seier dette er heilt feil, og at førelegget var ein overreaksjon. I samråd med familien, har han difor bestemt seg for å ikkje godta førelegget på åtte tusen kroner.

Klagar på press

I tillegg reagerer Masdal på det han oppfatta som trugande oppførsel frå politiet si side.

«Trass gjentatte forsøk på å forklare seg, vart han pressa til å innrømme at dei hadde laga støy. Dette vart gjort under sterkt press frå ein betjent som kjefta hardt og tok frå han førarkortet og truga med å kverrsette dette», heiter det i den skriftlege grunngjevinga for å ikkje godta førelegget.

Siste ord om kva som skjedde på Shell denne juninatta, er altså ikkje sagt. Saka er sett opp i tingretten i slutten av oktober. Då skal begge partane forklare seg.

Familien trur dei har ei god sak.

– Feil plass til feil tid

Dei registrerer at debatten om bilkøyring og støy i Ørsta sentrum har skapt stort engasjement i avisspaltene og kommentarfelta i sommar. Karl Erik Sande, som er onkelen til Masdal, seier han stussar over tiltaka mot ungdomen.

– At ein reagerer på støy i sentrum, har eg full forståing for. Men å leggje seg «i krig» med ungdomane, må vere å gå femti år attende i tid, seier han.

– Dette var heilt klart ein bil som ikkje var ønska, og som var på feil plass til feil tid. Stakkaren som har vore sjåfør og hatt lappen i berre tre veker, vart skremd livet av og gjort til eit døme på at politiet har gjort jobben sin for innbyggjarane i Ørsta som klagar på støy og for mykje køyring i sentrum. Det er jo ikkje så mykje av det no, i forhold til kva det var tidlegare, seier Sande.

Ønskjer samarbeid

Dei tre syns eit samarbeid med bilungdomen hadde vore meir konstruktivt enn ei hard linje.

– Vi er ikkje akkurat prioriterte. Bortsett frå Esso og eit par andre plassar, har vi ikkje nokon plass å vere, seier Knut-Petter.

– Det har vorte bygd fleirbrukshallar og slikt. Men vi som likar bil og ikkje fotball, får ikkje bruk for dette. Eg har sjølv sparka fotball tidlegare, men fekk nok av det.

Sande er samd:

– Kva kan ein tilby ungdomen kontra sentrum? Ein kan heilt sikkert få dei til å vere med på fleire kompromiss når det gjeld lyd og støy, så lenge ein har rett dialog. Men å lage «vill vest», der ein går rundt i uniform og skremmer vitet av dei, er feil strategi. Det kviler eit ansvar på politikarar og kommune om korleis ein legg til rette for ungdomane.

Møre-Nytt var onsdag i kontakt med Volda og Ørsta lensmannskontor for ein kommentar om påstandane som vert lagt fram i denne saka. Dei ønskjer ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt, då ho skal rettsleg prøvast i oktober.

Denne saka sto først på trykk i Møre-Nytt.