– I ruteapp Fram MR er det opplyst at det er avgang frå Sulesund i natt 01.40. Dette er feil. Ordinær rute gjeld, skriv Norled i ei driftsmelding.

Ser ein på ferjeruta, vil ein sjå at det ikkje går noko ferje klokka ti og over halv to natt til laurdag. Dei som møter opp då, vil måtte vente til klokka 03.00.

Ferja før går 01.15, ifølgje den ordinære rutetabellen.