Fredag hadde finn.no 249 fritidsbustader for sal i Møre og Romsdal. No kjem det ei til: Fokhaugstova i Stordal:

– Vi har bestemt oss for å selje fritidseigedomen i Stordal. No har vi eigd den i 20 år. Vi er blitt eldre, og så bur vi i Halden.

Det seier Jan Kåre Helland. Han og kona Ruth synest det blir for mykje å skulle bruke ti timar på å kome seg på hytta.

Fokhaugstova vart medlemshytte for Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) i 1948.

Difor er det mange som kan fortelje om trivelege besøk her, ikkje minst i påska.

Også etter at ÅST selde hytta, leigde dei ein mindre del av ho. Men i 2004 var det heilt slutt.

Ekteparet Helland har laga veg nesten heilt fram til døra. Det er lagt inn vatn og straum, og vindauge er skifta ut – i tillegg til vanleg vedlikehaldsarbeid.

– Vi kjem framleis til å ta oss turar til Stordal, bygda eg vaks opp i. Vi har nemleg ei dotter som har busett seg her. Men ny hytte vil vi no ha nærare Halden, seier Helland.

Paret legg til at dei har hatt stor glede av hytta i desse 20 åra, og at det difor er med tungt hjarte dei har lagt ho ut for sal.

Og salet er det Audun Sjøholt i Notar som tar seg av. Det trur han skal gå greitt:

– Hytta har jo ein unik plassering, der den ligg flott til for seg sjølv.

Sjøholt fortel at Fokhaugstova er svært romsleg, med heile ni soverom.

Vidare har den to stover og to kjøken. Ja, den er laga slik at hytta passar godt som generasjonshytte.

– Eg vil også tru at bedrifter kan tenke seg denne hytta. Vi har faktisk allereie ei bedrift som har meldt si interesse for å sjå nærare på hytta i Stordal, seier Sjøholt.

Han trur at plasseringa av hytta vil vere interessant for mange, der den ligg fire kilometer frå skitrekket på Overøye, og ein time og eit kvarter unna Ålesund.

– Nye eigarar vil kanskje oppgradere kjøken og bad, men den generelle standarden på hytta er god, meiner Audun Sjøholt.

Hyttemarknaden er iallfall framleis god. Statistikk frå Prognosesenteret og Statistisk sentralbyrå viser at aldri før har så mange hytter skifta eigarar her i landet som i løpet av dei to siste åra.

STOVE: Dette er ei av to stover i den store hytta. Foto: NOTAR