Ingen vann hovudpremien, men mannen frå Norddal kunne juble over andrepremien på 14.409.065 kroner.

Skal sjå etter ny bil

Han sat og såg ein film då Norsk Tipping ringte, og fortel til heimesida deira at hjartet hamra litt ekstra då han skjøna kven det var.

På spørsmål om kva han skal bruke millionane på, svarer mannen at han skal betale ned huslånet, og så skal han ut og sjå etter ein ny bil.