– Det var forferdeleg. Eg var fullstendig i sjokk, seier Sæther om då bilen hans tok fyr og brann opp på Brandal, som om det var henta ifrå ei scene i ein actionfilm. Flammar stod fleire meter opp i lufta.

Han minnest den dagen med gru, men det største sjokket fann han i postkassa ein av dei første januardagane i år. I brevet frå forsikringsselskapet lyste setningane imot han:

– Brannforløpet, slik du har forklart det, kan vi ikkje sjå at stemmer.

– Dine forklaringar avvisast av Kripos.

– Vi er av den oppfatning at brannen er påsett.

– Det kan utelukkast at andre enn du skulle hatt grunn og anledning til å utføre ei slik handling.

Og til slutt:

– Slik saka nå står fram, vil den ikkje bli erstatta av oss.

Då hadde saka rulla og gått i meir enn eit halvår. Sæther hadde heilt andre forventningar då han opna brevet.

– Eg trudde at saka endeleg var avgjort og at eg fekk erstatning. Dette kunne eg ikkje føresett i min villaste fantasi, at eg skulle bli skulda for å ha tent på min eigen bil. Eg berre sat der og stira på brevet i minutt etter minutt. Eg forstod det ikkje, seier Sæther. Etter at han fekk avslagsbrevet, blei det mykje bekymringar og mange vakenetter for Hareid-mannen.

Men kva skjedde ifølgje Sæther den maidagen då bilen brann opp?

Totalskadd: Bilen, ein Volvo XC-90 2003-modell, blei fullstendig øydelagd av brannen. Bilen hadde ein verdi i overkant av 90.000 kroner, meiner forsikringsselskapet. Foto: Politiet

Høyrde spraking

– Eg skulle kvitte meg med nokre sekker med spon og avfall etter kaninane våre. Vi dreiv kaninoppdrett på den tida og det blei mykje avfall. På veg til Brandal registrerte eg sprakelyd i høgtalarane og at displayet på radioen gjekk i svart, men eg reflekterte ikkje noko særleg over det. Eg kom fram og starta med å tømme sekkane utfor ei skråning litt unna bilen. Etter nokre minutt, då eg kom tilbake til bilen etter å ha tømt tre sekkar, såg eg flammar innvendig på høgre side av dashbordet, fortel Sæther.

Han seier han reiv opp døra og fekk redda ut nokre DVD-spelarar. Han fekk òg skrudd av tenninga på bilen som hadde stått og gått. Flammane eskalerte raskt. Etter kort tid var bilen, ein Volvo XC-90 2003-modell, overtent.

– Medan eg ringde til brannvesenet så small det. Dieseltanken var full og eksploderte. Det heile var ein fullstendig sjokkerande oppleving, seier han.

Politiet kom til brannstaden og gjorde avhøyr. Dagen etter melde Sæther skaden inn til forsikringsselskapet sitt, Sparebanken 1 Skadeforsikring.

Han seier dialogen med selskapet var god den første tida, og 14. juni hadde han møte med selskapet sin utreiar.

– Eg opplevde det som eit nytt avhøyr, men det var heilt greitt, eg hadde ingenting å skjule. Utreiaren gjekk veldig grundig til verks. Vi gjekk gjennom ei mappe med historikken til bilen og var på brannstaden. På slutten av samtalen la han fram ein rapport som var laga av ein teknikar som hadde demontert motoren på bilen. Den sa at motoren hadde så store slitasjeskadar at den ville ha laga ein vedvarande dunkelyd. Utreiaren ville vite korleis eg stilte meg til dette.

Sæther seier han blei sjokkert over informasjonen.

– Dette var heilt nye opplysningar for meg, for motoren var bytta i 2011 og hadde berre gått 110.000 km. Det hadde heller aldri vore unormale lydar frå motoren, fortel han.

Kan ikkje tru det: Sæther legg ikkje skjul på at det er vondt å ikkje bli trudd. Han er klar på at han er utan skuld i saka.

Motivet

– Motivet ligg i den omfattande kostnaden det ville vere å utbetre feil på bilen, skriv Sparebanken 1 i avslagsbrevet frå januar i år.

Forsikringsselskapet meiner at Sæther har gitt uriktige opplysningar om tilstanden til bilen og at den hadde omfattande motorslitasje. Dei meiner at den høge kostnaden på utbetring av motorslitasjen, anslagsvis 45.000 kroner, gav han motiv til å sette fyr på sin eigen bil.

– Du har sjølv hevda at du ikkje kan høyre slike lydar, noko vi ikkje ser på som truverdig. Kripos har avdekka lett fyringsolje/diesel frå golvet framfor passasjersetet der du har forklart å ha sølt tennvæske to veker før brannen. Kripos avviser funn av noko slikt, Tennvæske eller Antibac er absolutt ikkje funne, skriv, forsikringsselskapet mellom anna i avslagsbrevet. Då Sæther fekk avslaget i posten hadde politiet allereie avslutta etterforskinga si. Politiet kom til at saka måtte leggast bort på grunn av bevisets stilling.

I tida før politiet la bort saka hadde han forsøkt å rekonstruere årsaker til at bilen brann så hurtig. Sæther hadde komme på ein episode eit par veker før brannen då han hadde sølt tennvæske på golvet ved eit uhell, òg at det var ei flaske Antibac både i hanskerommet på bilen og i kona si veske på golvet.

Alt dette hadde han forklart både til politi og forsikringsselskap, som begge så bort ifrå dette som moglege forklaringar på brannen eller som årsak til at den eskalerte så raskt som den gjorde.

Klageprosess

Etter avslaget henta Sæther inn dokumentasjon frå to lokale verkstader som tidlegare hadde reparert og køyrd bilen. Dei gjekk god for at det ikkje hadde vore ein ulyd i motoren. Han henta òg inn ein utsegn frå ein importør av fabrikkoverhalte motorar på Austlandet. Gjennom bileta som forsikringsselskapet hadde teke av motoren vurderte importøren at det var ein del slitasje på motoren og at det ville vere naturleg å tru at dette kunne gje lyd.

– Men dersom det er så ille som forsikringsselskapet påstår, så ville verkstadane ha oppdaga dette og gitt beskjed til deg, seier motorimportøren. Det gjorde dei ikkje.

Sparebank 1 Skadeforsikring avslo ein ny klage. Deretter klaga han saka inn for Finans-klagenemnda.

Dei avviste saka med den grunngjevinga at saka ikkje egna seg for skriftleg handsaming og at bevisspørsmåla måtte takast munnleg i ei hovudforhandling. Altså for ein domstol.

– Eg har ingenting å skjule, men eg tør ikkje ta kampen mot eit selskap som har så mykje større ressursar enn meg inn for ein domstol. Eg kan ikkje ta risikoen med å måtte betale sakskostnader om eg skulle tape i ei rettssak.

Der står saka for Sæther no. Fleire i lokalsamfunnet er kjent med at bilen hans brann.

Kollegaer, vener og andre spør om korleis det går med forsikringssaka. Han opplever det som ei byrde.

– Eg forklarer det slik det er. Forsikringsselskapet seier det er overvegande truleg at eg har sett fyr på bilen min, altså meir enn 50 prosent. Men i denne saka er det bevismessig tvil, og sidan påstanden frå forsikringsselskapet er veldig belastande, det vil si at den kan øydelegge eins gode namn og rykte, så burde beviskravet vore mykje strengare, seier Sæther.

I klage både til forsikringsselskapet sitt klageorgan og til Finansklagenemda har han argumentert for dette, men han har ikkje fått gehør.

Sæther oppfattar ikkje klagehandsaminga som rettferdig, og han meiner dei ikkje tek omsyn til kor belastande skuldingane om forsikringssvik er.