Advokat Christian Lundin i Advokatfirmaet Ness Lundin DA har forsikringsrett som spesialfelt.

Han påpeiker at han ikkje kjenner saka til Bjørn Sæther, men at han uttalar seg på generelt grunnlag.

– Dersom forsikringsselskapet hevdar at forsikringstilfellet er gjort forsettleg følger det av klar høgsterettspraksis at det er skjerpa beviskrav. Det held ikkje at forsikringsselskapet klarer å sannsynleggjere med meir enn 50 prosent. Årsaka til det er at det inneber ein påstand om ei sterkt klanderverdig handling. Det er ein fortvila situasjon for dei som blir utsette for slike påstandar frå forsikringsselskapet, seier han.

Ifølgje Lundin brukar forsikringsselskap svært mykje ressursar i slike saker. Han seier òg at selskapa ofte intervenerer i politietterforskinga.

– Forsikringstakaren på si side har ikkje mogelegheit for å matche eit slikt apparat. Det er svært belastande å bli utsett for ei slik skulding, og fordi saka gjeld svik vil han heller ikkje kunne bruke rettshjelpsforsikringa si til å engasjere advokat og andre sakkunnige, seier Christian Lundin.

Dermed må ein finansiere ei sak i rettssystemet av eigen lomme.

– Forsikringstakaren er prisgitt oppsparte middel eller nokon som kan støtte økonomisk eller som har mogelegheiter for å finansiere ei sak. Det å ta ei sak framfor ein sak for domstolane inneber ein betydeleg belastning og risiko. For det første er utfallet i saka som oftast usikkert, ei sak tar lang tid og kostar mykje pengar, og ein risikerer å måtte betale motpartens sakskostnader i tillegg til sine eigne. Mi erfaring er at dei fleste gir opp anten fordi dei ikkje har ressursar eller rett og slett ikkje orkar belastninga med ei sak, seier Lundin.