Statens vegvesen melde i halv elleve-tida søndag formiddag om «redusert framkommelighet» på fylkesveg 40 i Dalsvika.

Dette er på strekninga Lauvstad - Folkestad i Volda kommune.

Entreprenør er på veg for å fjerne steinen som har kome ned på vegen, fekk Sunnmørsposten opplyst ved Vegtrafikksentralen.

– Det er ein stein som ligg i vegbana. Den blir fjerna ganske fort. Det er ikkje nokon stor dramatikk, fortalde trafikkoperatør Anita Berglund søndag formiddag.

Meldar hadde merka steinen med ein refleksvest, slik at andre vegfarande blei varsla om faren.

Steinen var ikkje så stor og blei lett rydda bort av entreprenøren, ifølgje Berglund.