Ein mann busett på Søre Sunnmøre er dømt i tingretten til 45 dagar i fengsel for grovt trygdebedrageri.

Mannen i 40-åra unnlét å føre timar som han arbeidde på meldekortet til Nav, og dermed fekk han nesten 170.000 kroner utbetalt som han ikkje hadde krav på.

Han førte opp at han hadde arbeida 285 timar, medan sanninga var at han hadde arbeida 1370 timar.

Mannen gav ei atterhaldslaus tilståing allereie i politiavhøyr, noko som retten fann var formildande. Han har òg starta å betale tilbake pengane han fekk urettmessig. Likevel fekk han 45 dagar i fengsel.

– Ålmennpreventive omsyn talar for ein streng reaksjon ved bedrageri overfor det offentlege, skriv retten i dommen.