– Lukkast vi ikkje denne gongen, så kan vi berre la det vere, seier ordførar Jørgen Amdam (Ap).

Han viser oss dei nyaste skissene frå arkitektfirmaet Nordplan.

Etter ei ørkenvandring i mange år, der fleire alternativ har vore drøfta og vraka, har kommunepolitikarane no landa på ei utbygging av det noverande samfunnshuset.

– Målsettinga er å få ferdig et forprosjekt til budsjetthandsaminga i november. Då kan vi få oppstart neste år, og bygget kan stå ferdig i 2020–2021.

InnOvata, eller «Egget», var eit stort og spenstig prosjekt som vart lansert for over ti år sidan. Det skulle innehalde både kulturhus, hotell og konsertsal.

Men politikarane syntest det vart for dyrt, og ideen vart lagt i skuffa.

Dei siste åra har ein i staden arbeidd med å få til eit fellesprosjekt med Høgskulen i Volda. Men også det vart for dyrt for kommunen.

Så då vart det i staden ei utbygging av Volda samfunnshus som vart løysinga.

– Det positive med denne løysinga er at då vert kulturhuset plassert i Volda sentrum, noko fleire har hatt ønske om, forklarer Amdam.

– Men det blir liggande lenger unna Høgskulen, om dei vil nytte bygget?

– Jau, men det er likevel berre snakk om sju-åtte minutt til fots. Så det er ikkje langt.

Det planlagde kulturhuset skal innehalde kino, storsal og bibliotek. Dessutan skal ein behalde den noverande salen i samfunnshuset.

– Kva skal dette prosjektet koste?

– Ein stad mellom 100 og 150 millionar kroner.

– Og det har Volda kommune råd til?

– Ja, det har vi.

Jørgen Amdam fortel om brei politisk semje for å få bygd ut samfunnshuset til eit kulturhus.

– Det er iallfall ingen som har gått imot planane. Det har stort sett berre vore jubel, seier han.

Ein er så sikker på at det no blir gjennomført at ryddinga av tomta tek til allereie i september. Mellom anna er rivinga av Driveklepphuset ute på anbod.

– Vi vil gjere alt klart, slik at når klarsignalet kjem frå kommunestyret, så skal området vere klart, forklarer Amdam.

– Kvifor er det viktig med eit kulturhus?

– Fordi vi både har mykje aktivitet her i Volda som treng eit slikt bygg, og fordi det vil skape endå meir aktivitet.

ORDFØRAR: Jørgen Amdam håper Volda kommune no kan lande kulturhusplanane, og kome i gang med bygginga neste år. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET Foto: Knut Arne Aarset