I talen la han ikkje skjul på at han har store ambisjonar for norsk sjømat i åra som kjem.

Men han kom raskt inn på draumetelefonen som han fekk frå statsministeren for litt over ei veke sidan.

I talen i Trondheim i dag omtalte han seg konsekvent som sjømatminister. Og han meiner at han no har fått hand om to av regjeringa sine viktigaste prioriteringar: Havet og kunnskap. Etter å ha skrytt av kor mykje mat Norge leverer til verda, 36 millionar måltid kvar dag, sa han at dette er ikkje nok. At fem prosent av verdas mat kjem frå havet, strekker ikkje til for ei framleis veksande befolkning.

Til latter frå salen hevda Nesvik at framtida er blå og grøn, akkurat som dagens regjering. Berekraftig bruk av havet er absolutt nødvendig for framtidig suksess, understreka han. Ved hjelp av teknologi er dette mogleg å få til, meiner Nesvik, og han syns nettopp derfor at teknologihovudstaden Trondheim er rette plass å ha ei fiskerimesse.

Nor-Fishing: Havyard-selskap med nytt navigasjonssystem