Køyrde i 140 km/t – dømd til fengsel

Nyheter

Ei kvinne i 50-åra frå Ørsta er dømd til fengsel i 16 dagar etter ei forbikøyring på E39 i Fitjar i sommar. Fartsmålinga skal ha skjedd i samband med forbikøyring, ifølgje dommen frå Søre Sunnmøre tingrett.

Påtalemakta la ned påstand om 21 dagar fengsel, men retten har gitt tilståingsrabatt. Kvinna er også frådømd førarkortet i 13 månader og må ta full ny førarprøve for å få førarkortet tilbake.