Bygging av brønnbåtar har vore ein suksess for Aas Mek Verkstad og i går kunne dei gå ut med ei ny kontrakt. Brønnbåt nummer 61 skal leverast til reiarlaget Kerko Seatrans i 2020.

Dei økonomiske resultata for verftet viser at skipsbygging har vore god butikk dei siste åra. Fjoråret enda med eit overskott før skatt på heile 113 millionar frå ein omsetnad på kring 365 millionar. Inntektene i 2017 var likevel betydeleg lågare enn rekordomsetninga i 2016 på nær 630 millionar.

Ventar fleire nybygg

Verftsdirektør Halvard Aas fortel at tidspunktet for levering av nybygg bidrog til at overskottet vart kunstig høgt, men legg ikkje skjul på at verftet med kring 60 fast tilsette har gode tider.

– Det har vore veldig bra aktivitet på brønnbåtar over lengre tid, men marknaden går i bølgjedalar og den næraste tida har vi eit hol på nybygg, seier Aas til Sunnmørsposten.

Etter fleire reparasjonsoppdrag ventar verftet heile fem nybygg på løpande band utover hausten: – Då vert det full rulle, seier Aas, som også trur det vert bygd fleire nye brønnbåtar framover.

Ny generasjon overtek

Sidan Johan Aas starta bedrifta i 1911 har Aas-familien gjennom tre generasjonar drifta verftet. Av dei tre brørne Halvard, Johan og Olav Aas, er det no berre Halvard som jobbar ved verftet. Men til saman fire søner av Aas-brørne har vore involvert i drifta i lengre tid. I løpet av fjoråret vart også eigarskapet i morselskapet Maritime Holding fordelt til den nye generasjonen. Det gjer at morselskapet i dag er eigd av seks ulike selskap som igjen er eig av ulike delar av Aas-familien.

– Aksjane er i stor grad overført til 4. generasjon og eg har planar om å trekke meg ut av drifta, seier Halvard Aas.

Investeringar og utbytte

Rekneskapen for morselskapet viser at det er teke utbytte på til saman 150 millionar kroner til eigarane dei to siste åra. Samstundes er det gjort større investeringar. I desse dagar vert det jobba med å forlenge kaia for å ta i mot større nybygg. Tidlegare er det investert i arbeidshallar, kraner og anna utstyr.

– Vi meiner å vere rimeleg bra posisjonert med et godt oppbygd verft etter investeringane dei siste åra, seier Aas.

Tirsdag kunne Vestnes-verftet fortelje at dei skal bygge ein ny brønnbåt for reiarlaget til Haugland-familien i Bergen. Den 77 meter lange båten skal kunne frakte opptil 450 tonn fisk. Foto: Aas Mek Verksted