Utan lappen med skulebarn i bilen

Mann i 40-åra politimeldt etter trafikkontroll i Ulsteinvik.
Nyheter

I samband med skulestart har politiet hatt ein trafikkontroll - aksjon skuleveg, i Ulsteinvik tysdag føremiddag.

Og: Etter kontrollen blir ein mann i 40-åra politimeldt for køyring utan gyldig førarkort, opplyser Møre og Romsdal politidistrikt.

- Mannen hadde levert barn på skulen. Blåseprøve gav også utslag på promille, men under straffbar grense, heiter det.

Det er også halde aksjonar i Straumsnes, Tingvoll, Todal, Vestnes, Molde, Fiskå, Åndalsnes, Åse i Ålesund, Ørsta og Volda.