– Det er ingen problem å få verdi ut av dette. Her møter vi nye kjennskap og potensielle kundar, seier Kenneth Langvatn i Servitech på Sjøholt.

Bjørn Petter Hurlen i Rolls-Royce fortel at dei har møtt folk frå verft i Spania og Tyrkia, altså potensielle kundar.

– Og så er her jo konkurrentar som vi går og kikar på, legg han til. Hurlen jobbar med automasjon og kontroll i Rolls-Royce. Dette er eit område som også den komande eigaren av konsernet, Kongsberg, driv med. Hurlen reknar likevel med å få vere med vidare.

Møre og Romsdal markerer seg også i år med ein diger stand på Nor-Fishing. Her har dei to fått møte politikarar. Og her stiller Klippfiskakademiet med godbitar.

– Her kjem vi tettare på politikarane. Det er ikkje alle som veit om alt som skjer innan næringslivet, seier Langvatn.

Den første Nor-Fishing-messa var i Ålesund. No er messa godt etablert i Trondheim, sjølv om det berre er så vidt dei greier å avvikle eit så stort arrangement, syns Langvatn.

– Og så er her fullt med sunnmøringar, det er bra, legg han til.