Ifølgje ei twittermelding frå Møre og Romsdal politidistrikt klokka 07.11 så sto kompressoren på ein lekter ved ferjekaien.

Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg, ifølgje meldinga.

Teamleiar Kjetil Iversen ved 110-sentralen seier til Sunnmørsposten at dei hadde sløkt brannen klokka 07.53 og deretter heldt fram med ettersløkking.

To personar som var om bord på lekteren starta sløkkingsarbeidet før brannvesenet kom til staden. Dei blei sendt til legevakt for kontroll etter å ha pusta inn røyk.

Brannvesenet trengte båt for å komme seg ut til staden.

- Det blåst friskt på sjøen, vi kom oss ut med ein båt som var på staden, seier Iversen.

Ei redningsskøyte blei også sendt til staden, men brannvesenet hadde kontroll då den kom.

Lekteren blir brukt i arbeidet med ny ferjekai på Sulesund.