Saferoad-kjøp godkjent

Nye investorar overtek 95 prosent av aksjane i Saferoad for over to milliardar kroner. Det melder Veier24.no.

VIK ØRSTA: Saferoad har stor avdeling i Ørsta. ARKIVFOTO 

Nyheter

Det er EU sine konkurransemyndigheiter som no har godkjent handelen til investeringsselskapet FSN Capital. Seljar er Nordic Capital.

Saferoad vart skipa i 2007 som ei samanslåing av Ørstagruppen og Euroskilt-gruppen.

Bedrifta i Ørsta, Vik Ørsta, er leverandør av lysmaster, fundament og tilbehøyr.

For ikkje så lenge sidan kjøpte FSN Capital også ei anna bedrift på Sunnmøre: Mørenot AS.

Den nye eigaren SRH Investco AS er et selskap indirekte kontrollert av FSN Capital, begge med base i Norge og med norske eigarinteresser.

Saferoad har 2.700 tilsette.

«Noko svakare enn venta», for Vik Ørsta

Vik Ørsta fekk eit svakare årsresultat i fjor, enn året før.