(Møre-Nytt:) – Vi merkar ikkje noko til dette, fortel dagleg leiar Andre Ose Bøstrand hos Bøstrand Miljø og Gjenvinning, ein av mange konkurrentar til Vartdal Gjenvinning.

Vrakpanten på ein vanleg bil er i dag på 3000 kroner. No betalar Vartdal Gjenvinning 3.700 kroner viss du leverer bilvraket til dei på Vartdal. Vel du i staden å levere vraket til Bøstrand Miljø og Gjenvinning, eller andre som tek imot bilvrak, får du truleg vanleg pant, altså 3000 kroner.

– Vi synest ikkje noko om at mottaksselskapa skal bestemme prisane. Dette er ei oppgåve for staten, og vi vert ikkje med på nokon priskrig. Vi har ei god drift i Hovden, og er svært nøgde med utviklinga, fortel Andre Ose Bøstrand.

Dagleg leiar Hermod Teigen i Vartdal Gjenvinning vedgår at dei har auka vrakpanten m.a. for at dei skal få inn fleire bilar.

– Vi merkar litt auka konkurranse, og gir difor 700 kroner meir enn vanleg. Men prisane no er også så gode at vi har høve til å betale meir for bilane vi tek inn, fortel Teigen.

Etablerte seg i Hovden

Det er under eit år sidan Bøstrand etablerte bilmottak på industriområdet bak flyplassen i Hovden. Selskapet driv også med innsamling og gjenvinning av skrapmetall, (Containerservice) og driv også avfallssortering. I starten i november i fjor hadde selskapet fire tilsette. I dag tel staben åtte personar inkludert innleigd kapasitet

– Drifta går over all forventning. Vi ligg sentralt til, og for mange er det kort veg til oss i Hovden for å levere bilar som skal vrakast. Vi hentar også bilar viss det er ønskjeleg. I tillegg til Ørsta og Volda har vi kundar også på ytre søre og i delar av Sogn og Fjordane. Vi satsar mykje på god sørvis og har gunstige opningstider, også i helgane og med vakttelefon om kveldane, fortel Andre Ose Bøstrand.

Bilar: Erik Eriksen, Yngve Ose Bøstrand og Andre Ose Bøstrand i Bøstrand Miljø og Gjenvinning er nøgde med utviklinga.

Vartdal Gjenvinning har eit stort fragmenteringsanlegg for bilvrak og alt anna jarn og metall som skal knusast. Det er relativt få mottaksanlegg som har dette. Vartdal-selskapet får inn mellom 4000 og 5000 bilar i året. Mange av dei kjem frå mottaksanlegg som ikkje har fragmenteringsanlegg. I tillegg kjem ein del bilar frå private. Fragmenteringsanlegget står fram som gigantisk og svært effektivt: det tek kort tid frå ein heil bil, eller rettare sagt 72 prosent av den, vert løfta på eit samleband før han kjem ut i andre enden i småbitar – klar for eit smelteverk. Før bilane hamnar i anlegget vert dei miljøsanert for farlege væsker og stoff som bensin, diesel og olje. Batteri og anna vert også fjerna.

– Det er ein stor miljøgevinst at vi får gjort alt arbeidet på anlegget vårt, og slepp å sende bilane vidare for slutthandsaming, seier Teigen.

Får skrap frå heile regionen

Vartdal Gjenvinning er etablert med avdelingar i Kristiansund, Ålesund, Florø, Orkanger og Vartdal. Selskapet, som er eigd av Stensli Gjenvinning AS i Brumunddal og Hermod Teigen AS i Drammen, omsette i fjor for 135 millionar og fekk eit overskot på knappe tolv millionar.

– Omsetninga er veldig avhengig av prisane i marknaden. No er vi nøgde med prisane, fortel Hermod Teigen.

Jarn, metall og grovavfall er Vartdal Gjenvinning sine hovudområde. På Vartdal vert det henta inn mykje lokalt skrap frå industrien og kommunar, men leveransane kjem også frå heile regionen.

– Vi kjøper jarn og metall i konkurranse med andre, over heile Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Prisen avgjer ofte kvar vi hentar skrapet, fortel Hermod Teigen.

Kvart år går mellom 25.000 og 30.000 tonn skrap, jarn og metall, gjennom systemet på Vartdal, der det vert sortert og miljøsanert, før det vert sendt med båt til sluttkundar, smelteverk rundt om.

Over halvparten av skrapet sel dei til smelteverket i Mo i Rana. Mykje går også til Europa, og noko hamnar i Austen. Det smelta skrapet vert også til nye produkt.

Denne saka sto først på trykk hos Møre-Nytt.