Fleire av ordførarane på søre Sunnmøre ga nyleg uttrykk for at ein burde vurdere å stanse bygginga av Nordøyvegen fordi dei frykta at auka kostnadane ville hindre utvikling i andre delar av fylket.

Volda-ordførar Jørgen Amdam var mellom dei som var mest tydeleg, og ville at dei sju kommunane samla seg om eit felles vedtak om å stanse samferdselsprosjektet som skal knyte nordøyane til fastlandet.

Det har fått Ap-ordførar Oddvar Myklebust i Sandøy til å skrive ein e-post til Volda kommune der han fortel at han vart sint og skuffa over å lese kva som hadde blitt sagt på møtet mellom ordførarane, skriv lokalavisa Møre.

(saka held fram under)

Myklebust skriv at han meiner det er eit teikn på at egoismen rår på «søre luten».

– Om det er omkampar som er agendaen, så er det berre å stå på, vi har mange slike kampar å kjempe, ikkje minst på sjukehussida. Regner med at Volda er avhengig av ein velvillig nye Ålesund kommune, skriv han ifølgje avisa.

Myklebust skriv at han hadde venta meir av sin partikollega Jørgen Amdam og meiner ordførarane burde sett seg betre inn i finansieringa av Nordøyvegen for dei går til «frontalangrep på ein veg som har vore planlagt i over 40 år».