Trålarane skal ha løysingar for «meir berekraftig framdrift, fangst og prosessering», ifølgje ei pressemelding frå Ulstein Group.

Ulstein Design & Solutions har jobba saman med reiarlaget Nordic Wildfish i utviklinga av trålar-serien. Ifølgje pressemeldinga skal trålarane ha «optimale kapasitetar i forhold til kvotar for effektivt og lønsamt fiskeri, vil gje betydeleg forbetra verktøy for trålfiske».

Trålarserien skal ha den kjente X-BOW-baugen:

- Med X-BOW endrast den tradisjonelle utforminga av arrangementet på trålfartøy og opnar for betre plassering av mannskap, fabrikk og last. Fabrikken vert plassert over to dekk og all lugarkapasitet vert samla sentralt i skipet. På grunn av X-BOW-skroglinja får ein utnytte forskipet meir effektivt. Skip med X-BOW har også mindre vibrasjonar og stamperørsle, dette betrar arbeidsmiljøet om bord og reduserer støy i sjøen, heiter det i pressemeldinga.

Trålarane skal også ha teknologi som betrar yting og miljøbelasting.

- Skipa i serien har eit effektivt hybridanlegg som kan kombinere batteri med dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift. Dette vil gjere fartøya svært drivstoffgjerrige, og meir stillegåande, skriv Ulstein Group.