Det heitar eigentleg ikkje guidebok, men klatreførar seier du? Då er du sikkert ein av dei innvigde som snart ikkje klarer å vente lenger. Forfattar Tommy Skeide har fullført eit års steinhardt arbeid. 4000 eksemplar er ferdig trykt, og på kanten til å sleppast ut.

– Alle gler seg noko heilt sinnssjukt, seier Frida Myklebust, dagleg leiar i Klatreklubben Ålesund.

Etter det ho fortel, er klatrarane i klubben minst like spente som ungar før julekvelden.

– Folk er lei av å mase på Tommy, så dei har begynt å spørje meg i staden: «når kjem boka, når kjem boka?».

Boka kan tingast på nett frå 27. august. Ho blir heitande Sunnmøre – frå tindar til kampesteinar.

Frida Myklebust er dagleg leiar i Klatreklubben Ålesund. Ho får stadig ivrige spørsmål frå klubbmedlemmar om når den nye boka kjem. Biletet er tatt på Magerholm, i den såkalla 70-talsveggen- Foto: Tommy Skeide

Med kjærleik til Molladalen

Halvparten av dei 276 sidene er via Sunnmørsalpanes berømte borg.

– Det blir veldig kjekt å kunne dra ut og klatre i Molladalen, opne boka, sjå bilete av fjellet ein skal klatre i, og kor rutene går, påpeikar Myklebust.

Molladalen er det området Skeide har prioritert høgst i boka. 34 dagsturar i embetes medfør har det blitt.

Det finst ein klatreførar for Molladalen frå 1989, av Helge Standal og Jon Hagen. Men, han vart aldri gitt ut i meir enn 1000 eksemplar og er i dag eit samlarobjekt.

Med ein klatreførar får ein informasjon om mellom anna tilkomst, utstyrsbehov og vanskegradar.

Vågalt Kaja Soczewiñska dristar seg til her å stå på ein fot, på Bladet i Molladalen. Halve boka er via denne dalen. Foto: Tommy Skeide

Oasar blant tørr info

Noko anna ein får, anten ein vil det eller ikkje, er rare rutenamn.

– På Valderøya har dei nokre heilt ville namn, seier Tommy Skeide.

– For eksempel Johnny og de nådeløse kameljegerne.

Sunnmørsposten møter forfattaren på klatrefeltet på Magerholm. Vi slår to fluger i ein smekk, og mjukar opp det som elles kunne blitt ein stiv intervjusituasjon med litt uhøgtideleg klatring.

45-åringen kastar skjorta i varmen, og avslører den typiske overkroppen til ein klatrar: mager, senete og med tydelege biceps. Skeide vart biten av basillen då han var 20 år, og var på sitt beste etter at han bikka 40.

Akkurat no manøvrerer mannen ei fotodrone til å stå i ein god posisjon i lufta over ei av dei mange klatrerute ne her. Dronen har vore ein god hjelpar i arbeidet med boka. Skeide har nemleg ikkje berre skrive, men også fotografert. Dessutan har han forma ut sidene i boka sjølv. Skeide bruker til dømes eigenutvikla og tilsynelatande effektive fargekodar. Fargane gir eit raskt inntrykk av kor mange ruter kvart felt har, og korleis dei fordeler seg på ulike vanskegradar. Store delar av boka er naturlegvis via slike tekniske detaljar. Samtidig ønsker Skeide å formidle historie.

– Boka skal vere meir enn ein vanleg klatreførar, fortel han, og blar fram til noko han kallar «oasar».

Mellom sider med tørr informasjon, får lesarane moglegheita til å dykke djupare. Skeide har til dømes fått Tore Lundberg, for dei innvigde ein legende, til å skrive. Kortfatta og presist summerer han opp kva som leia fram til klatreboomen på 80-talet. Då kom inspirasjon frå leikande og grensesprengande amerikansk klatrekultur til Norge for fullt.

Til desse oasane har Skeide elles intervjua Åsmund Våge og Kristian Sørensen (kombinert med klatring sjølvsagt), invitert Kjetil Mo Solbakken og namnebror Kjetil Sollum Kvalsund til å skrive, og på (fjell)toppen av det heile sitert frå dagbøkene til Oskar Mork og Birger Hammerås. Debattane i klatremiljøet er dei same som før.

Rett og gale i fjellveggen

– Klatrarar er opptatte av kva som er rett og gale å gjere i fjellet, fortel Skeide.

Kor skal ein få lov til å sette boltar i fjellet, og kor skal fjellveggen berre klatrast på såkalla naturlege sikringar, altså kiler? Dette har vore eit spørsmål til debatt i inn- og utland i generasjonar.

Skeide fortel at miljøet har blitt litt delt, og at debatten har tatt seg opp. Sjølv tar han til orde for ei moderat haldning.

– Klatrarar har høgteknologi med seg heile tida, ikkje sant. Vi har spesialdesigna nylonseler og tau. Skulle vi til dømes gått tilbake til hampetau hadde vi aldri kunne klatra så vanskelege ruter som i dag.

– Å sette boltar forstyrrar ingen økosystem, fortset han.

– Dei einaste som let seg plage, er eventuelt klatrarar som irriterer seg over boltane.

Han legg til at dette er noko klatremiljøet og klubbane må bestemme og regulere i fellesskap.

– Og jo da, vi må reservere nokre område for klatring med naturlege sikringar også.

Bibel på innerlomma

– I Lofoten har dei hatt ein tilsvarande klatreførar, som Skeide sin, lenge. Han har blitt som ein bibel der, seier Frida Myklebust.

Med forventingar om ei himmelsk bok, har Skeide stor fallhøgde. Det ser han ut til å like.

Forfattar: Tommy Skeide har jobba eit år med den nye klatreføraren "Sunnmøre - frå tindar til kampesteinar. Han måtte seie opp jobben for å få tid til prosjektet. Foto: Tarjei Engeset Ofstad