Krasja med stolpe – meldt for fyllekøyring

Nyheter

Ei kvinne i 20-åra er må rekne med eit oppgjer i rettsapparatet etter ein kjøretur ho tok i Volda. Ingen skal ha kome til skade då kvinna køyrte ein bil som krasja med ein stolpe i sentrum.

Sjåføren vert meldt for køyring med promille og fekk beslaglagt førarkortet, ifølgje Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet opplyste første at eigaren også var passasjer i bilen, men det stemmer ikkje ifølgje ei Twitter-melding frå politidistriktet fredag.