Styret i Sunnmøre regionråd har i eit møte måndag gjort eit vedtak om Nordøyvegen der dei avviser at det er nokon konflikt om samferdselsprosjektet.

Styret viser til kostnadssprekken som no er til utgreiing hos fylkeskommunen og skal opp til behandling i fylkestinget i oktober. Deretter vert det vist til vedtaket etter eit møte mellom ordførarar og rådmann på søre Sunnmøre, der ein konkluderte med at ein måtte vente på meir informasjon.

– Dette viser at det ikkje er noko konflikt mellom søre og nordre Sunnmøre i saka, heiter det i uttalen.

Trass dette uttrykte fleire av ordførarane på søre Sunnmøre uro kring kostnadane og korleis det vil gå utover andre tiltak i fylket framover.

Diskusjonen førte til at ein eitrande sint Sandøy-ordførar etterpå sende ein e-post til Volda-ordføraren, som uttrykte seg mest negativt om prosjektet. Det førte igjen til at regionrådet kalla inn til eit ekstraordinært møte måndag for å skape ro i saka.