Eigarane av Jæren Treteknikk AS har inngått avtale om sal av alle aksjar i selskapet til Pretre AS i Stryn. Det skriv Pretre i ei pressemelding.

– Pretre har over lenger tid planlagt etablering i sørvest, ein del av landet der vi ikkje har vore godt nok til stades. Vi er svært glade for å få dette til gjennom Jæren Treteknikk som har solid kompetanse og marknadskunnskap, seier Eivind Hopland, dagleg leiar i Pretre.

Pretre vart etablert i 1976. Dei i dag ca. 120 tilsette og er landets største produsent av prefabrikkerte trekonstruksjonar.

Selskapet, med hovudkontor i Stryn, har frå før fire fabrikkar og leverer berande trekonstruksjonar over hele landet.

Pretre reknar i år med å få ei omsetning på rundt 300 millionar kroner.