Trafikkulykke i Nordfjord:

Bil med tre personar i grøfta på Totland

Sjåfør har forklart at han svinga unna eit dyr, opplyser politiet.

  Foto: Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix

Nyheter

Naudetatane rykte ut til trafikkulykka på riksveg 15 på Totland i Nordfjord, etter at meldinga kom til politiet klokka 05.00 natt til tysdag.

– Det var tre personar i bilen, som stod opp etter ein kant ved vegen. Airbag vart utløyst. Det er snakk om lettare personskade, men ei kvinne har meldt om smerter i bryst og hovudet. Vi har patrulje på staden, og det skal ikkje vere mistanke om promillekøyring. Sjåføren har forklart at han svinga unna eit dyr, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt til Sunnmørsposten tysdag morgon.

Dermed blir det heller ikkje gjort førarkortbeslag i denne saka, legg han til.