Sunnmørsposten har tidlegare omtalt planane for bygging av studentbustader i Volda.

No er det klart at regjeringa gir 34,8 millionar kroner i stønad til prosjektet.

– Fleire studentbustadar sikrar eit rimeleg og føreseieleg bustadtilbod for studentane, og er eit viktig tillegg til den private bustadsmarknaden i Volda. Difor er det viktig for oss å halde trykket oppe, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

– Bygging av studentbustadar har vore ei viktig sak både for regjeringa og for Venstre i fleire år. Difor har det vore ein vesentleg auke i løyvingane, frå 1483 hybeleiningar i 2013, medan vi i år gjev vi nær 2.200 tilsegn og gjer grep for å sikre at endå fleire bustadar faktisk vert realiserte, seier Nybø.

Det vert gjeve tilskot til like mange hybeleiningar til Heltne 2 som det samskipnaden har søkt om til dette prosjektet, til saman kr. 34.800.000, heiter det i pressemelding sendt ut frå Kunnskapsdepartementet tysdag morgon. Det er rett, stadfestar assisterande direktør Rune Aasen, overfor Sunnmørsposten.

– Kostnadsrammen er blitt auka, noko som betyr at prosjektet er realiserbart. Dette har vore planlagt ei stund. Så vi er klare til å starte bygging ganske snart, tidleg i haust, seier Aasen.

– Dette er kjempepositivt for Volda. Dei siste bustadane som er bygde i regi av Studentsamskipnaden er frå 1995. Vi har med andre ord ein bygningsmasse som er i ferd med å bli nokre år. Veldig positivt at vi her i Volda får tilskot, for det treng vi, seier Rune Aasen.

Også ved campus i Ålesund skal det byggast nye studentbustader. Les saka her

Forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø (V). Foto: Lise Åserud / NTB scanpix