Fleire sjåførar fekk bøter ved Høgskulen i Volda

Politiet med oppmoding til bilistane.
Nyheter

Politiet har vore på plass ved Høgskulen i Volda for å skrive ut parkeringsbøter. Denne gongen vart det lagt ut betalingskrav på sju køyrety som var parkert på ein måte som politiet karakterisere som «direkte trafikkfarleg».

På Twitter ber politiet om at personar som skal parkere ved høgskulen, stiller seg slik at alle kan ferdast trygt i trafikken.