Politiet fekk klokka 23.50 måndag kveld melding om ei trafikkulykke i Halsør i Vågsøy kommune. Ein bil hadde hamna i grøfta.

– Det var to personar i bilen, og både førar og passasjer var godt rusa. Det er tatt dei nødvendige prøvene av begge to. Bilen, som har store skader i fronten og ikkje er køyrbar, er taua vekk frå ulykkesstaden, opplyser Terje Magnussen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Personane er i 20- og 30-åra og har utanlandskregistrerte namn, legg han til.

Det blir oppretta politisak.

illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix