– Dette er ei overfallsvaldtekt som må vere særleg audmjukande og krenkande for fornærma. Det må ha vore svært skremmande når tre rusa menn står rundt henne i ein skog og forgrip seg på henne, sa aktor Magne Nyborg før ankesaka blei avslutta i Frostating lagmannsrett onsdag.

Kom til ankesaka frivillig

Til frådrag i straffa går varetektsfengsling. Han som i tingretten blei dømd for valdtekt har vore fengsla i 409 dagar. Dei andre blei sett fri etter dommen i tingretten og kom til Norge igjen no til ankesaka.

– Han kom heilt frivillig for å forsvare seg og reinvaske seg, sa advokat Marius Wesenberg om 22-åringen han forsvarer.

Han viser til at det ikkje er tekniske bevis mot 22-åringen.

– Han har forklart seg konsist og truverdig. Eg nektar å tru at ein mann som ikkje har hatt problem med politiet, på høg-

lys dag, få dagar før han skal heim, plutseleg skal ha fått det føre seg at han skal grovt valdta ei kvinne, sa Wesenberg og la ned påstand om frifinning.

Forsvararane dreg derimot forklaringa til kvinna i tvil.

– Det er inkonsekvensar i forklaringa hennar som gjer at ein må stusse, sa advokat Axel Willads Lange som ikkje trur kvinna bevisst lyg, men at ho har ei urett oppfatning av kva som skjedde.

Forsvarar for 40-åringen, advokat Ole Petter Grythe Hoff, krev først og fremst at dommen frå tingretten må opphevast, på grunn av dårleg tolking i eit politiavhøyr.

Dette aviste aktor i retten onsdag. Han viste til at mannen under gjennomgangen av avhøyret, fem dagar seinare, var aktivt med og gav merknader. Dei brukte over tre timar på gjennomlesing.

– Det var mogleg å rette viss noko var feil tolka. Hans rettar var godt varetekne ved kvalitetssikring med annan og vesentleg betre tolk enn den opphavlege, sa aktor.

Ramma hardt

Støtteadvokat Mette Ekroll Nyland bad dommarane i lagmannsretten hugse lydopptaket dei har fått avspelt, og frykta ein høyrer i stemma til kvinna når ho ringer politiet og seier ho er blitt valdteken.

Nyland meiner kvinna må få erstatning for tort og smerte.

– Det er frykteleg krenkande, audmjukande, og prosessen har vore låk. Valdtekta er grov. Tre menn har i fellesskap oppsøkt henne på tur. Ho var forsvarslaus, ubudd og sårbar. Det ramma tilfeldig og hardt, sa Nyland.

Lagmannsretten, leia av dommar Ivar Sølberg, vil kome med dom i saka med det første.