Det kunngjorde Eid-ordføraren på Facebook og Instragram onsdag kveld.

– Eg har sagt ja til å bli ordførarkandidat for Stad Venstre. Eg er klar for å bli ordførar i nye Stad kommune dersom folk ved valet i 2019 vil det slik, skriv han.

Skjermdump fra sida til Alfred Bjørlo på Instagram.

Det har likevel ikkje vore sjølvsagt for Bjørlo, som har vore ordførar i Eid i sju år, at han skulle vere interessert i vervet i nye Stad kommune.

– Eg har likevel - heilt til for nokre få månader sidan - tenkt at "nok er nok". At no har eg ikkje meir krutt å brenne av i fire nye år som ordførar, skriv han mellom anna.

– Det har endra seg - litt etter litt. Eg ser kva vi no held på å skape med å lage ein heilt ny kommune i Nordfjord med Eid, Selje og Bryggja. Eg ser at det ikkje vil bli "fire år til med det gamle", men kan bli noko heilt nytt - og betre. Dess meir eg har tenkt på det, dess meir har eg lyst å vere med og byggje opp nye Stad kommune. Samtidig som eg trur og håpar det berre er starten på eit samla Nordfjord - i eit nytt Vestland fylke.

Les Bjørlos kronikk kor han kritiserer statlege reformer som han meiner ikkje styrker distrikta: «Den bakstreverske staten»