I torsdagens møte var det éi sak på kartet: Nordøyvegen. Dei to nordmøringane Kristin Sørheim (Sp) og Iver Nordseth (V) utgjer plannemnd for samferdsel, saman med sunnmøringen Frank Sve.

Det var tydeleg at desse tre stod fram som ein samansveisa gjeng i går både under og like etter møtet: Nordøyvegen er sjølvfinansierande. No trengst det handlekraft, var bodskapen.

Det som kan redde prosjektet

Men sjølv om Nordøyvegen løner seg, må prosjektet handtere store kontantstraumar dei første åra, den såkalla pukkeleffekten. Sve har tidlegare sagt at dette kan velte heile prosjektet.

– Det mest interessante med denne rapporten, er at vi ser det er mogleg å handtere pukkeleffekten på ulike måtar, sa Kristin Sørheim i møtet:

– Det finst ein annan modell for avskrivinga enn den som er vanleg, og som gir mindre avbetaling tidleg i perioden. Det hadde vore ein profil som samsvarer mykje betre med inntektene til Nordøyvegen, forklarer Sørheim til Sunnmørsposten.

– Det andre er at det kan finnast anledning for lenger avdragstid enn 40 år for eit så stort prosjekt.

Frå næringslivet på Nordøyane var Inge Huse og Odd Einar Sandøy til stades. Dei kunne stadfeste at dei har sendt fylket ein lovnad om eit lån på 60 millionar kroner til éin prosent rente over ti år, for å bøte på denne pukkeleffekten.

Kritisk til fylket si utgreiing

Ifølgje Deloitte treng prosjektet å ta opp eit lån på 2,8 milliardar kroner. I møtet retta Frank Sve sterk kritikk mot tidlegare utgreiingar frå fylket.

– Dei presterer å starte på avdraga på lånet same dag som anleggsarbeidet startar. Det betyr fleire år med tapte ferjeavløysingsmidlar frå staten. I tillegg reknar dei med 30 års nedbetalingstid. Det betyr ytterlegare 10 år med tapte ferjeavløysingspengar, sa Sve.

Han meinte at denne reknemåten ville ha gitt eit tap på 600 millionar kroner.

Sørheim på si side saknar ein analyse som legg inn forventa prisstigning også på inntektene.

Vedtaket

Sørheim fremma følgjande forslag som vart vedteke:

1. Plannemnda ber om at det også blir utarbeidd ei kontantstraumanalyse som tek omsyn til prisstiginga.

2. Plannemnda ber om at det blir utarbeidd ulike modellar for avskrivingar for å redusere den såkalla pukkeleffekten i fylkeskommunen si kontantstraumanalyse.

Men kva er det som gjer at to nordmøringar gjerne vil ha Nordøyvegen?

– Eg har kjempa for å få realisert ein god del prosjekt i fylket. Vi ser betydninga det har for folk og næringsliv. Nordøyvegen har vore på førsteprioritet på lista i over 20 år. Og Nordøyvegen er sjølv- finansierande, seier Nordseth.

– Kva om det blir eit stort rentehopp?

– I så fall stig også inntektene på grunn av prisstigning. Då blir det verre med lån på skular og anna som ikkje har inntekter, seier Kristin Sørheim.

Fleire ferjer til Nordøyane

I slutten av september får fylkespolitikarane ei utgreiing som samanliknar prisen på ferjer mot prisen på Nordøyvegen. Eitt av ferjealternativa er å redusere tilbodet på rute 21, Skjelten-Lepsøy-Haramsøy, til éi større ferje.

Den elles sindige Kristin Sørheim var ganske kvass i møtet i plannemnd for samferdsel:

Til Sunnmørsposten seier ho dette:

– Med næringslivet der ute som produserer så mykje av verdiar og er avhengig av arbeidskraft, så er det ikkje aktuelt med berre ei ferje.

F.v. Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya og Fjørtofta. Foto: Staale Wattø