Jon Georg Dale er den første samferdselsminister frå Møre og Romsdal sidan Inger Koppernæs tidleg på 80-talet. I Stortinget er Helge Orten (H) leiar av samferdselskomiteen. Og knapt nokon gong har det vore bygt så lite veg i Møre og Romsdal som akkurat no. Vil dei to få til noko på heimebane i åra som kjem?

– Det ser ut som at andre regionar har hatt fordelar av å ha ein samferdselsminister. Og Dale er kjempeflink. Men han er ikkje åleine, der er også ei regjering og eit storting, seier Kjell Sandi i Hafast. For å planlegge Hafast mellom Sula og Hareid har Vegvesenet investert over 100 millionar kroner i vindmålarmaster og oseanografiske målebøyer, delvis takka vere den avgåtte samferdselsministeren.

– Eg syns at Solvik-Olsen var ein prima minister som var veldig tydeleg og peika ga retning. Men Dale kjenner næringslivet og befolkninga på Sunnmøre enno betre. Han skjøner argumentasjonen og kan formidle vidare dette, i den grad det er nødvendig, både til regjeringskollegiet og i Stortinget. For å skape robuste regionar, er samferdsel ein grunnvoll, og det har Dale skjønt, seier Sandli.

Lengste berg- og dalbane

Litt lenger aust blir fylkesveg 60 omtala som verdas lengste berg- og dalbane. Møre og Romsdal har bede staten om å vurdere å ta tilbake ansvaret for denne vegen.

– Vi er spent på kva som skjer med dette i den nye transportplanen som vi reknar med ministeren etter kvart skal legge fram, seier Svein Sunde i Gode Vegar AS. Dei jobbar også med å få realisert den nye Strynefjellstunnelen, som Ketil Solvik-Olsen ga klarsignal til.

– Kva betyr det at den nye samferdselsministeren kjem frå Nordvestlandet?

– Det har vore mange gode samferdselsministrar opp gjennom tidene. Jon Georg Dale er ein person som vi har stor tillit til. Om det betyr noko for dei vegprosjekta vi styrer med, om ministeren er frå Vestlandet eller frå ein annan del av landet, det veit eg ikkje. Men vi ser absolutt positivt på at den nye ministeren kjem frå Vestlandet. Han kjenner dei utfordringane vi slik med. Samtidig vil eg gjerne seie at han som går av sette seg veldig godt inn i utfordringane som vi har, og i departementet er dei godt kjende med kva utfordringane er, så eg vil gjerne gje honnør til Solvik-Olsen for den jobben han har gjort, seier Sunde.

Rovdefjordsambandet som pilotprosjekt

Også Rovdefjordsambandet, med neddykka rørbru og flytebru, kan ha noko å hente hos staten, håper styreleiar Magne Løvoll.

– Den neddykka røyrbrua er noko som ikkje har vore gjort før. Vi kallar dei ein vegvisar for morgondagens fjordkryssing. Vi meiner dette er ein pilot, og at det kanskje kan ligge midlar til det, seier Løvoll.

Dei har også jobba for å få ned prisen. På flytebrua prosjekterer dei no med pongtongar i stål i staden for betong. Det vil redusere produksjonskostnadene vesentleg, ifølgje ein rapport.

– Vi har følgd oppmodinga frå Solvik-Olsen om at slike fjordkryssingar må få ned prisen. Og no ventar vi på at samferdselsministeren skal kome hit og sjå det i terrenget, seier Løvoll.

– Kva betyr det for prosjektet at Jon Georg Dale no er blitt samferdselsministeren?

– Eg har lært han å kjenne godt, at han er å stole på. Det han seier, det prøver han å få gjennomført.

– At han er frå Sunnmøre, kva betyr det?

– Samferdselsministeren må sjå heilskapen, og det greier Jon Georg Dale. Men vi ser fram til å møte han og legge fram dette. Eg reknar med at han kjem til å vere ein del på Sunnmøre, og då aukar vel sjansen for at han kan kome.

Kjell Sandli er dagleg leiar i Hafast. Foto: Staale Wattø
«Verdas lengste berg- og dalbane». Foto: Anne-Mari Tomasgard
På lange strekningar er dagens tunnelar så smale at to breie køyretøy vanskeleg kan møtast. Foto: Bengt Flaten, Fjordingen
Her ser vi nedkøyringa til rørbrua som skal ligge neddykka i sjøen. Foto: Rovdefjordsambandet